Kan vi hjelpe deg?

Vi handler i aksjer, valuta, indekser, råvarer

Vekerapport 42

Noko sterkare NOK siste veka mot dei fleste valutaer. Delar av styrkinga kan tilskrivast noko høgare oljepris, no 58 USD fatet, men mesteparten må sjåast i samanheng med svake inflasjonstal frå Sverige som medførte massive stop loss i SEKNOK. Dette har dratt NOK sterkare på bekostning av SEK. SEKNOK var ned nesten 1,5 figurar på det meste, frå 98.50 til 97.10 ca, men har no korrigert tilbake til 97.50 om lag. Inflasjonsutsiktene fortset dermed og bekymre Riksbanken, og sidan sentralbanksjef Ingves fekk ei ny femårs periode, har dette samla sett bidratt til noko svakare SEK den siste veka.

EURNOK testa så vidt 9.30 mandag, men klarte ikkje bryte på nedsida, og ligger no i 9.33. Rangetrading i NOK og SEK fortsetter med andre ord, og vi trur det vil vere biletet fram til Riksbankens rentemøte 25 oktober og Noregs Bank 26 oktober. Begge valutaer manglar ein klassisk katalysator for å styrke seg på kort sikt, dette er nemnd i tidlegare rapportar.  

Våre Anbefalingar

Den siste veka har vi anbefalt sal av EURNOK over 9.37 og EURSEK over 9.58. EURNOK har vi plukka delgevinstar på frå 9.33 og nedover, og er klar for å selje meir om vi kjem på 9.35 + att. CADNOK blei anbefalt over 6.40, og disse har vi tatt ut under 6.35. USDNOK har vi hatt short anbefaling på sidan 7.95, og mange av desse posisjonane er no plukka gevinst på rundt 7.90.

SEKNOK caset med sal over 98 og tilbakekjøp på 97 talet har vi handla på også siste veke, og det er framleis eit case som gjeld framover. Nett no ligg vi derimot i den lave enden rundt 97.40.

 

Teknisk Analyse

Både 50 dagers og 200 dagers glidande gjennomsnitt ligger rundt 9.33 her. Derfor har det også vore fornuftig å starte med å plukke delgevinstar på 9.33 og nedover. Noko skikkeleg brudd på disse nivåa har vi ikkje fått denne veka heller, men det blir spennande og sjå kva nivå veka sluttar på fredag. Om markedet lukker under 9.33, så vil nedsida vere noko meir i fokus komande veke.

 

Konklusjon

Både NOK og SEK manglar ein katalysator for den store styrkinga, til tross for at det fundamentale i dei to økonomiane går bra. For Noreg sin del er det usikkerheit rundt inflasjon og bustadprisar som tynger dei store internasjonale interessene. For SEK er det ein ny periode for sentralbanksjef Ingves, samt svakare inflasjonstal enn venta no i september som held SEK på den svake sidan. Oljeprisen spelar og ei mindre rolle for NOK no enn tidligare virkar det som, spesielt når den stig….Det kan ha litt med at oljeprisen langt fram i tid fortsatt er forankra på relativt nøytrale nivå noko som ikkje aukar forventningane til økte oljeinvesteringar framover. Det held kanskje NOK litt att, sjølv om spotprisen no ligg godt over 58 USD fatet.

Fram mot rentemøta i Sverige og Noreg neste veke kan føljande range prøvast;

EURNOK :           Sel 9.35 og oppover, ta delgevinstar på 9.33 og lavare.

EURSEK:             Sel frå 9.58 og oppover, plukk delgevinstar på 55 og lavare.

SEKNOK:             Sel over 98, og kjøp att på 97.70 og lavare

CADNOK:           Sel frå 9,37 og oppover, ta delgevinst 9.34 og lavare

USDNOK:            Sel frå 7.97 og høgare, plukk delgevinstar på 7.93 og lavare

CHFNOK:            Sel frå 8,15 +, og plukk att under 8.10.

USDSEK:             Sel over 8.15, plukk att under 8.10.

 

Lengre stratetegiske case:

Gå long EURUSD under 1.1750.

Gå long EURCHF under 1.1450.