Kan vi hjelpe deg?

Vi handler i aksjer, valuta, indekser, råvarer

Valutaoppdatering

Valutaoppdatering

 

EURNOK

På rentemøtet i Juni stadfesta Noregs Bank ein renteauke på 25 bp i september, og løfta rentebana med minimum 5 bp for 2019 og 2020. Dette burde gitt ei markant sterkare krone, og me er særs overraska over at vi ikkje har etablert oss under 9,40. Handelskonfliktar, svakare internasjonal vekst, oljepris under press og tradisjonelt sesongmessig svak NOK i Juli kan nok forklare dette. Når likviditeten og aktiviteten tek seg opp utover i august, er me rimeleg overtydd om at NOK skal kunne gå sterkare mot dei fleste valutaer. Risk er sjølvsagt at handelskrigen eskalerer utover alle proporsjonar framover, eller eit ytterlegare markant fall i oljeprisen. I Q3 ventar me handel hovudsakleg i 9,30-50 rangen, og eit potensielt brot på nedsida av 9,30.

 

EURSEK

Som tidlegare nemnt påpeikte vi at inflasjonen kanskje kunne overraske på oppsida i forhold til Riksbanken sine prognoser ei periode, noko den også gjorde og me testa så vidt 10,10 nivået i juni. No i juli har derimot Riksbanken justert opp sine inflasjonsforventningar, noko som igjen kan medføre at marknaden vil kunne bli skuffa utover hausten. Detter er ikkje SEK positivt. Med tanke på at Sverige i større grad enn Noreg lid under auka handelstariffar, samt at bustadmarknaden er svak, medfører dette auka bekymring rundt utviklinga i svensk økonomi. Riksbanken har kommunisert fyrste renteauke i desember, men med ECB på hold og som stadig utset endringar i pengepolitikken, er det grunn til å tru at Riksbanken fylgjer etter. Så renteauke i 2019 er nok eit meir sannsynleg scenario. EURSEK verkar difor å kunne halda seg på svake nivå på 3-6 månadars sikt. For Q3 verkar det fornuftig å akkumulere shortposisjonar over 10,35, og ta delgevinstar frå 10,30 og nedover.  

 

EURUSD

Me forventar at EURUSD hovudsakeleg vil handla innanfor 1,15 – 1,20 ut året. Handelskonfliktar, positiv carry, politisk risiko samt ein ECB på hold gir noko kortsiktig vind i segla til USD. På lenger sikt, utover i 2019 trur me likevel at på grunn av at Europa er noko seinare i konjunktursykelen, samt normalisering av pengepolitikken i Europa vil medføre økt kapitalstraum til euroområdet. Dette vil dra EURUSD høgare om me ser noko lenger fram. I Q3 trur me handelen hovudsakleg vil halda seg i 1,15 – 1,18 intervallet.

 

EURCHF

SNB påpeikte seinast på rentemøtet i juni at CHF er overvurdert. I tillegg meddelte dei at CHF intervensjonar framleis er på agendaen dersom CHF skulle visa seg å bli for sterk. SNB ynskjer nok å justere renta høgare på bakgrunn av utviklinga i sveitsisk økonomi, men så lenge ECB er på hald vil dette berre medføre CHF styrking. SNB vil difor sjå CHF vesentleg svakare før me eventuelt får eit pengepolitisk skifte i Sveits. Handelskonfliktar, politisk uro i Europa har sendt CHF sterkare mot EUR ei periode, me testa 1,15 tidlegare i Q2, og dette veg nok tungt for EURCHF på kort sikt. 1,15 -18 verkar difor å bli rangen for det meste av Q3. Ser me utover i 2019 så skal me nærma oss 1,20 og omsider etablera oss over.

 

CHFNOK

Basert på det me forventar i Q3 for EURNOK og EURCHF gir det oss også ein viss range i CHFNOK. 8,00 – 8,20 som me har sett det meste av Q2 vil nok også gjelda for Q3. Ein strategi der ein akkumulera shortposisjonar over 8,15, samt tek delgevinstar frå 8,10 og nedover har vore lukrativt så langt i 2018. Netto bør ein uansett ligge short CHFNOK, då me forventar både sterkare NOK framover, samt høgare EURCHF på mellomlang sikt.

 

SEKNOK

Medan norsk økonomi stort sett har vind i segla, opplever svenskane ei vekstavmating. Svenskane blir hardare råka av auka tollbarrierar, slit med eit svakt bustadmarknad, har ein sentralbank på defensiven, medan Norge opplever strammare arbeidsmarknad, betre kapasitetsutnytting og ein sentralbank som har kommunisert høgare renter litt opp og fram. Dette bør vere favør NOK versus SEK framover. Me trur difor short SEKNOK rundt 92 vil vere eit bra case for Q3, og me blir ikkje overraska om me testar 90 i løpet av kvartalet. Så akkumulering av short SEKNOK over 92, samt gevinstplukking frå 91 og nedover kan vere eit bra case for Q3 i dette krysset.