Kan vi hjelpe deg?

Vi handler i aksjer, valuta, indekser, råvarer

NOK tilbake i range.

 

  • EURNOK er tilbake i range. Det fundamentale ser bra ut for NOK, men eit svakt risikosentiment hindrar NOK styrking.
  • Me trur at Riksbankens rentemøte blir viktigare for NOK en Noregs Bank sitt møte denne veka.
  • Noko sterkare USD siste par dagar grunna økt geopolitisk risiko, men EURUSD framleis i 1,1450-1,1750 rangen me stort sett har sett i år.

 

Noreg

  • EURNOK handla nokså snevert førre veke, kring 9,45. Noko betre børssentiment førre veke bidrog til ein test av 9,42/43, men stemninga snudde på tampen av veka, samt noko lågare oljepris, og me notera no nivå tett på 9,50. Eit svakare risikosentiment i marknaden legg eit lite lokk på NOK.
  • Rentemøte denne veka i Noregs Bank, men dette er eit såkalla mellommøte med kun ei pressemelding. Me ventar at NB vil signalisere at utviklinga er om lag som venta og at me ikkje vil få nokre nye pengepolitiske signal. Ventar difor ingen NOK effekt.
  • Rentemøtet i Sverige onsdag derimot kan også medføre visse effektar i NOK. Marknaden ventar ingen pengepolitiske endringar, men med det overraskande høge inflasjonstalet sist månad vil ein nok speide etter teikn på om fyrste renteauke kjem i desember eller februar. Desember verkar stadig meir sannsynleg.
  1. NOK og SEK har i stor grad svekka seg i tandem det siste året mot EUR. Om Riksbanken bekreftar desemberheving vil me sannsynlegvis kunne sjå noko SEK styrking, noko som kan gi noko høgare SEKNOK kortsiktig.
  2. SEKNOK er derimot opp 1,5% frå botnen i år, så mykje av bevegelsen kan vere tatt ut i forkant av møtet. Om desemberauke derimot blir bekrefta ventar me vertfall at SEK styrkar seg mot EUR, noko som isolert sett også kan medføre at NOK går noko sterkare på sterkare SEK. Jamfør tandembevegelsen me har sett det siste året.
  • EURNOK verkar å skulle handle i intervallet 9,40-60 framover, og det verkar tungt og bryte årsbotnen på 9,39 før årsskiftet. Fundamentalt sett er NOK stadig for svak, noko som bør gi NOK god fart inn i 2019. Per tidspunkt verkar det likevel litt for interesselaust i NOK til at posisjoneringa blir stor nok til å sende NOK markant sterkare.

 

Verda

  • EURUSD handlar no i den låge enden av 1,1450 – 1750 rangen me har sett det meste av i 2018. Amerikanske nøkkeltal fortsette og vere vesentleg betre enn europeiske tal, inflasjonsforskjellane har auka gjennom Q3, og den politiske situasjonen i Europa tyngar mykje på grunn av budsjettsituasjonen i Italia. Dette held USD på den sterke sida mot EUR.
  • Noko særleg sterkare enn 1,1450 mot EUR verkar det likevel ikkje som me skal sjå, då kjøpsinteressene verkar store her. Amerikanske BNP tal fredag kan bli viktig om me ligg kring dette nivået i forkant. Ei positiv overrasking her kan gi ein skikkeleg test av 1,1450 nivået, og eventuelt opne opp for eit lågare intervall fram mot årsskiftet.
  • GBP er stadig tynga av situasjonen kring den uløyste Brexit situasjonen. Til tross for gode nøkkeltal frå UK sit investorane på sidelinja når det gjeld GBP og ventar på ei endeleg Brexit avklaring mellom EU og UK. Denne avklaringa let nok vente lenger på seg enn tidlegare venta, som i utgangspunktet var i byrjinga av november.
  • EURCHF verkar også rangebunden mellom 1,13-15. Me trur på oppsida på sikt, men no tyngar geopolitisk risiko, situasjonen i Italia, Brexit såpass mykje at CHF får litt trygg hamn status. Det held EURCHF på den låge sida.