Kan vi hjelpe deg?

Vi handler i aksjer, valuta, indekser, råvarer

NOK – Norsk økonomi går bra, ute går det verre…..

 

  • Norske nøkkeltal på den sterke sida, og det ligg an til fleire renteaukar frå NB.
  • Lågare global vekst, lågare globale rente- og inflasjonsforventningar tynger NOK.
  • FED vil kutte renta i haust, dette har svekka USD.
  • Moglege kutt også frå ECB seinare i haust, potensielt også meir QE?
  • Oljeprisen har stege i det siste, men er skjør i forhold til ei opptrapping av handelskrig og økt proteksjonisme.

 

Noreg

  • Jamt over sterkare NOK sidan rentemøtet i NB 20 juni. Me har testa 9,65 på nedsida mot EUR. NB leverte ei rentebane som indikera 70-80 % sannsyn for ei ny auke i september, 100 % sannsyn innan året, og 50-60 % sannsyn for ei ny auke i fyrste halvår 20. Med andre ord ligg det an til ein rentetopp på 1,75 % i 2020.
  • NOK har også fått noko støtte i høgare oljepris grunna spenningar mellom USA/Iran.
  • Innanlandske forhold tilseier ei sterkare NOK mot dei fleste kryss frå desse nivåa.
  • NOK vil slite med å styrke seg i sumar grunna sesongvariasjonar og auka global usikkerheit. Handelskrigen kan potensielt trappast ytterlegare opp, det tynger NOK og kan medføre at den førespegla september auka ikkje blir noko av.
  • Me har sett ein god del gevinstsikring i NOK kryss den siste veka. NOK vil nok slite med å tiltrekke seg vesentleg meir interesser på denne sida av sumaren, dog kan ei potensiell handelsavtale/(fredsavtale i det minste) i samband med G20 møtet no gi noko NOK støtte.
  • Arbeidsmarknadstal i dag kom på den sterke sida, og me har ikkje hatt lågare ledigheit sidan 2012. Det aukar sannsynet for septemberauke isolert sett.
  • Lågare amerikanske renter, rentekutt frå FED vil gjere NOK meir attraktiv som carry valuta utover hausten. Neste rentemøte i FED i slutten av juli.

Norske forhold tilseier september auke og nøkkeltala må skuffe mykje framover om det ikkje skal bli tilfelle. Me trur norsk økonomi vil stå seg godt makromessig fram mot september. Ei gradvis forverring av situasjonen ute, ei opptrapping av handelskrig eksempelvis trekk i andre retninga. Om det blir noko septemberauke kjem difor i stor grad an på utviklinga internasjonalt. Det veit vi enno for lite om.

Me anbefala tolmod i forhold til long NOK posisjonar no i ferien. NOK er som regel tynga av lågare volum og svak likviditet i juli. Når det er sagt synes me nivåa i dei fleste NOK kryss ser attraktive ut på 3 månadars sikt, men sprei det gjerne på mindre volum og i fleire kryss. Og me opprettheld vårt syn om ein 9,40-50 bevegelse i løpet av hausten mot EUR. Den neste 12 månaders perioden er det nok duka for eit brot av 9,40 botnen frå 2018.

 

Internasjonalt

  • Det ligg an til rentekutt i USA i haust. Marknaden prisar inn fleire, men i forhold til FEDs renteplott ligg det an til eit kutt i løpet av 2019. Det kan kome allereie i juli. Sannsynet for fleire kutt i 2019 har auka over den siste månaden.
  • Svake europeiske nøkkeltal har endra retorikken også til Draghi og ECB. Dei opnar no opp for eventuelle nye rentekutt, og meir QE, om situasjonen framover skulle tilseie dette. Europa blir særleg råka av lågare kinesisk vekst.
  • Forventningar om lågare amerikanske og europeiske renter har støtta opp under aksjemarknaden, og me har sett all time high nivå i USA denne veka.
  • Opec møte neste veke vil mest truleg innebere ei vidareføring av eksisterande produksjonskutt, dette burde støtte opp under oljeprisen alt anna like.

 

Me trur det er sannsynleg med to kutt frå FED i løpet av 2019, dette vil sannsynleg medføre noko høgare EURUSD fram mot årsslutt, særleg om me også får ei minneleg løysing på handelskonflikta. Trump er avhengig av bra aksjemarknadsutvikling fram mot valet neste år, og med lågare renter framover vil truleg aksjemarknadane også i andre halvår klare seg nokolunde greitt.  Me trur på mykje sidelengs bevegelse, sjølv om ei potensiell opptrapping av handelskrigen truleg vil medføre ein markant korreksjon. Ei handelsavtale i løpet av kort tid vil også svekke CHF og JPY, medan det motsette vil vere tilfelle om den trappast opp.

Mykje av det me kan forvente framover kring USD, EUR,CHF og JPY er difor i stor grad avhengig av kva som kjem ut av G20 møtet i helga, samt dei pågåande handelsamtalane mellom USA og Kina.  NOK verkar billeg mot samtlege på gjeldande nivå, men med juli rett rundt hjørnet kan det vere greitt med ei avventande og forsiktig haldning fram til marknaden likviditetsmessig tek seg opp att i august.

 

Ha ein fin sumar.