Kan vi hjelpe deg?

Vi handler i aksjer, valuta, indekser, råvarer

Vekerapport 18

Denne veka

 

Makro

 

Ei veke med ei rekke makrostørrelsar, der rentemøta i Sverige og ECB må seiast vere dei viktigaste veka sett under eitt.

 

Riksbanken reviderte ned rentebana i tråd med forventningane for både 2018 og 2019. Fyrste renteauke er no venta i Q4. Riksbanken gir heller ikkje noko støtte til SEK. Svekkelsen av SEK er ikkje ei bekymring for Riksbanken. Banken seier det er vanskeleg å forklare svekkelsen den siste tida, men at dei anser den for å vere midlertidig. Riksbanken forventar dermed ei styrking av SEK framover, men SEK ventast å vere svakare enn det dei såg føre seg på førre møte. Ting tyder på at ein er avhengig av svak SEK, auka importprisar, for å hindre at inflasjonen blir for låg. Riksbanken reviderte ned inflasjon dei neste to kvartala, men opp ved årskiftet. Dette er i tråd med å utsetje fyrste renteauke til Q4. Til tross for ei rentebane i tråd med forventningane handlar EURSEK no 13 øre svakare enn før møtet. 10,53. Mykje tyder på at marknaden ikkje trur heilt på Q4 likevel, at renta fyrst vil bli auka i 2019, samt at Riksbankens uttalelsar rundt SEK ikkje akkurat underbygga ei SEK styrking. Nedsida i EURSEK blir dermed eit stadig lengre lerret og bleike diverre.

 

ECB heldt som venta renta uendra og kom heller ikkje med noko ny kommunikasjon rundt QE. Draghi sa elles at veksten både er bred og god, men la også til at den siste tids nøkkeltal har vore noko skuffande, men at dette fort kan vise seg å vere midlertidig. ECB framsto relativt nøytrale, og dei som venta ein meir hawkish ECB vart nok rimeleg skuffa. For noko nye signal rundt pengepolitikken gav ECB vertfall ikkje, og sjølv om ein nemnte at inflasjonsutviklinga har vore noko svakare enn antatt vil ein avvente meir informasjon før ein tek stilling til QE og evt fyrste renteauke vidare. Draghi fortsatte og påpeike at fyrste renteauke fyrst vil komme ei god stund etter at QE er avslutta. EURUSD testa 1,2150 i kjølvatnet av møtet, korrigerte til 1,22 rundt pressekonferansen, men i mangel på nye signal og EUR støtte, braut 1,2150 på nedsida og noterast no til 1,2070.

 

Frå Norge kom det arbeidsmarknadstall klokka 10 i dag, og ein var avhengig av 1000 færre ledige om arbeidsmarknaden skulle vere i tråd med Noregs Banks prognoser i førre inflasjonsrapport. Vi endte på ein ledigheit på 2,4 %, og 200 færre ledige. Nok ein rapport på nedsida av forventningane, og sysselsetjingsveksten ser ut til å ha mista litt moment i Q1 18.  Kapasitetsutnyttinga i norsk økonomi er følgjeleg litt svakare enn det Noregs Bank ser føre seg, noko som kan medføre at Noregs Bank nedreviderer produksjonsgapet i neste inflasjonsrapport i juni. Det kan potensielt medføre at marknadsaktørane byrjar å tvile på september heving. Dog er vi nok ikkje der heilt enno, og må nestan sjå an talla neste månad før me kan sei noko meir konkret rundt dette.  

 

Valuta

 

EURNOK har testa øvre del av 9,50-70 rangen denne veka, utan at det eigentleg kan forklarast kva det er som har drive NOK svakare her. Me har stort sett solgt EURNOK på ulike nivå heile vegen frå 9,60 og opp til 9,70, og vil ta av posisjonar når nedsida igjen kjem i fokus. EURSEK har testa og brote 10,50 nivået, og befinn seg no i ukjent farvatn på 10,52. 10,55-60 bør halde neste veke. EURUSD har brote under det viktige 1,2150 nivået og noterast no til 1,2070. Kortsiktig opnar det opp for ytterlegare USD styrking. Trur likevel at EURUSD skal vidare opp utover i 2018, og føretrekker long EURUSD under 1,22. CADNOK testar øvre del av 6,00-6,20 rangen. Me har solgt  CADNOK på vegen opp frå 6,12.  JPYNOK rangen 7,20-40 held fortsatt og me føretrekk sal over 7,30 her. Handlar 7,31 no. SEKNOK noterast til 91,80 og bør nyttast til å ta av shortposisjonar. GBPNOK Har handla 10,95 11,12 denne veka. Me har føretrekke sal GBPNOK over 11,00 opp til 11,12. Ligg no 11,05.

 

Aksjemarknaden

 

Det er satt nye all time high noteringar på Oslo Børs fleire gongar denne veka.  I augneblinken handla hovedindeksen på 869, opp 0,7 % frå i går. Fleire av tungvektarane på Oslo Børs har levert solide tall. Kan nevne Statoil, Norsk Hydro, Storebrand , DNB med fleire. Sidan stenging på Oslo Børs forrige fredag er Oslo Børs opp 2,74 % når vi legg til grunn dagens høg på indeks på 869,35. S&P500 er ned 0,12 % siden førre fredag.

 

Neste veke

 

Makro

 

Neste veke får vi både tall for inflasjon, ISM og arbeidsmarknad i USA. Det er stort sett venta ein liten oppgang i kjerneinflasjonen måndag frå 1,6 % førre månad til 1,8 %. ISM indeksen ventes å kome ut lågare enn førre månad på 59,3 og vise ein noko svakare tendens. Det er venta 198 tusen nye sysselsette i USA og ein nedgang i ledigheita på 0,1 % til 4,0 på fredag. Det viktigaste vil uansett vere utviklinga i lønnsveksten som er inflasjonsdrivande. Det er venta ein oppgang i timelønningane på 0,2 %, som gir ein uendra årleg vekst på 2,7 %. Onsdag er det rentemøte i FED, dette er eit såkalla mellomøte, og det er ikkje venta nokre nye signal frå FED. Det er pt fullt innprisa ei ny renteauke på 25 bp i juni.

 

Frå Eurosona får vi BNP tall for Q1 på onsdag. Etter ein snittvekst på 0,7 % per kvartal i 2017 er det venta ei avmating til om lag 0,5 %for Q1. Enkelte trur også på 0,4 %. Torsdag kjem HICP inflasjonen for april, den er venta opp 0,1% til 1,4 % i april. Kjerneinflasjonen ventast uendra på 0,1%

 

I Skandinavia får me svenske PMI tall og industriordre, utan at me trur disse vil revolusjonere nedsida i EURSEK . Frå Noreg er det sjølvsagt rentemøtet i Noregs Bank som bil få mest fokus. I mars indikerte den nye rentebana fyrste renteauke i september, men sidan då har norske nøkkeltal skuffa ein smule. Både inflasjon og arbeidsmarknad er no på nedsida i forhold til Norges Banks prognoser, men er volatile komponentar. Dette er eit møte utan inflasjonsrapport og pressekonferanse, så me ventar ikkje nokon nye signal frå sentralbanken på dette møtet. Difor trur me at pressemeldinga stort sett vil fortelje at NB syn på utviklinga i norsk økonomi om lag er som venta sidan møtet i mars. Renteoppgang i september vil fortsatt gjelde etter møtet torsdag 3 mai. I tillegg får vi detaljhandelstal måndag, og vi venter ein korreksjon opp etter eit par skuffande månadstal. Februar var -0,6 %.

 

Valuta

 

EURNOK rangen 9,50-70 er framleis gjeldande. Det same er 7,20-40 i JPYNOK. CADNOK testar 6,20, og me føretrekk short frå disse nivåa. AUDNOK testar no også 6,04/05, og er også ein potensiell shortkandidat herifrå. SEKNOK bør korrigere til 92,50 pluss før ein evt vurdera sal igjen. EURUSD kan gå lågare på kort sikt, men for 2018 favoriserer vi long posisjon frå disse nivåa. EURSEK i ukjent territorium, men vi forventar 10,55/60 held neste veke. CHFNOK verkar å vere i ein 8,00-8,10 range. Føl sett NOK bevegelsen, då EURCHF har parkert på 1,1960.

 

Aksjemarknaden

 

Oslo Børs på totalnivå er ikkje så billeg lenger, vi handlar i overkant av 2 på pris / bok , dvs at vi er prisa til ca drøyt to gonger bokført eigenkapital. 12 månadars forward P/E ligg på ca. 15,7.  Dog er det verdt å merke seg at ting ofte overskyter og Peter Hermanrud trur Oslo Børs kan stige til 1000 poeng. Dette er slett ikkje umogleg. Dog skal vi samtidig huske på at vi går inn i mai måned i neste veke, og empirien viser at mai måned ikkje er en god børsmånad. Nokon seier, sell in May and stay away.

 

Av enkeltaksjer liker vi Golden Ocean og Norsk Hydro. Sykliske aksjer har vært svake i år grunnet usikkerheit knytta til handelskrig. Dog meina vi at usikkerheit og auka risikopremier relatert til handelskrig gradvis vil komme ned. Vi tror Donald Trump er ute etter moralske sigrar utan for store økonomiske ringvirkningar.  I lys av dette meina vi sykliske aksjer kan gjøre det betre enn marknaden generelt. Fleire meklarhus opererar med target på NHY fra 60 – 70 kroner  per aksje medan for Golden Ocean ligg mange mellom 80 og 100 kroner. Ansatt i Multi Markets AS eier aksjer i Golden Ocean.