Vekerapport 17
Denne veka
Det har vore ei stille og roleg veke. Eigentleg. Knapt nok bevegelsar i samtlege kryss, om me ser bort i frå GBP. GBPNOK har kome frå nivå rundt 11.15 til 10.95 her no i morgontimane. GBP starta veka med vind i segla etter veldig gode arbeidsmarknadstal måndag der både sysselsetting og lønsvekst var betre enn venta, og GBPNOK gjekk frå 11.05 til 11.15. Onsdag kom derimot inflasjonstalla ut 0,2 % svakare enn forventa, samstundes som detaljhandelen skuffa noko i går, det drog GBPNOK til om lag 11.00. Når sentralbanksjef Carney i tillegg sådde tvil om at det kjem noko renteauke i Storbritannia i mai i går ettermiddag tok det GBPNOK til 10.95. Me har derfor plukka delgevinst på vår short GBPNOK anbefaling på 11- tallet i intervallet 10.95 – 11.05 her. Vår vurdering om at marknaden prisar inn ein for aggressiv Bank og England i 2018, trur eg skal bli meir framtredande utover. Vi opprettheld difor vår anbefaling av at GBPNOK er shortkandidat på 11 – talet, og at intervallet 10.80 – 11.15 framleis er intervallet å spele på.
EURNOK har om lag handla sidevegs heile veka pluss/minus 9,60. 9,63 på det høgste, og 9,57 på det lågaste. Ikkje akkurat veldig mykje å trade på. Vi anbefalte å ta på shortposisjonar frå 9,63 og høgare, og å ta delgevinst frå 57/58 og lågare. Det gjeld framleis. Same story i EURSEK eigentleg med 10,44 på toppen og 10,35 i botn. Vi har solgt i dette intervallet for kundar, og avventar ein noko større korreksjon då SEK verkar strekt. I vekerapporten for 2 veker sidan anbefalte med short CADNOK på nivå over 6,10, me ligg no 6,14 og har notert 6,20 på toppen. Short CADNOK i intervallet 6,10-20 står vi for fortsatt. I tillegg har vi anbefalt short SEKNOK over 93,50, noko som var eit kjempecase. Me har plukka gevinst for fleire under 92 denne veka. Short SEKNOK er framleis eit case for korreksjonar over 93. Ligg no 92,60.
Vi anbefalte også long EURUSD rundt 1,2230, og me handlar no 1,2330, etter å ha testa 1,24 så vidt denne veka. Nok ein fin trade, og long EURUSD under 1,2250 er framleis gjeldande, for gevinstplukking 1,2350 pluss. I JPYNOK held rangen 7,20-45 fortsatt, og me har plukka delgevinstar mellom 7,20 og 7,30 her. På sikt trur me at JPYNOK skal bryte på nedsida, og short JPYNOK på nivå 7,30 pluss er difor framleis gjeldande på eventuelle korreksjonar.
Neste veke
Rentemøtet i ECB neste veke er vekas høgdepunkt makromessig. Etter å ha vurdert vekstutsiktene svært positivt på førre rentemøte er det venta at Draghi tek ein noko mjukare tone denne gongen. I forkant får vi både PMI tal frå Eurosona, samt Tyske IFO tall, og disse er venta å vise ein fallande tendens. Makrotala frå Eurosona har jamt over vore noko svakare enn venta over den siste månaden Ein sterk EU, svak lønnsvekst og bekymring rundt tolltvisten mellom KINA og USA bidreg til dette, samt at det ser ut til at den globale konjunktursyklusen er på nedadgåande trend. Slik det ser ut no vil den fyrste renteauken frå ECB mest truleg skyvast yttarlegare ut i tid, inflasjonen heng samstundes noko etter forventningane, og fleirtalet ser no på Q4 2019 som det mest aktuelle scenarioet. Dei kvantitative lettelsane er framleis stort sett forventa og ende ved utgongen av 2018. Det er ikkje venta dei store FX utslaga på møtet neste veke, og EURUSD rangen på 1,22-24 ventast å halda.
For Noreg kjem det nye ledigheitstal 27. april, og etter eit par svake arbeidsmarknadstal dei siste par månadane bør mars tala vise ein ledigheitsnedgong på nærmare 1000 personar for å vere nokolunde i tråd med forventningane til Noregs Bank. Nok eit svakt tal kan bidra til at Noregs Bank må revidere ned sine forventningar til kapasitetsutnyttinga i norsk økonomi, og marknaden vil då stille spørsmålsteikn ved om ei september heving kjem for tidleg. Det kan potensielt sett svekke NOK noko, men 9,50-70 rangen bør likevel halda.
I Sverige er det også rentemøte neste torsdag. Inflasjonen er under målet og lågare enn forventa, så fleirtalet ventar at Riksbanken skyv fyrste renteauke noko ut i tid. Ei viss endring er nok allereie prisa inn i SEK på disse nivåa.
Rangar som ventast halde neste veke
EURNOK 9,50 – 70
JPYNOK 7,20 – 40
SEKNOK 92- 93
EURSEK 10,30 – 50
CADNOK 6,00 – 6,20
EURUSD 1,22 -24.
Ha ei fin veke.