Kan vi hjelpe deg?

Vi handler i aksjer, valuta, indekser, råvarer

Vekerapport 41

Grafane nedanfor måle importvekta kronekurs mot 44 valutaer, I44, historisk sett. Når grafen er høg er NOK svak, og når den er lav er NOK sterk. Som vi ser var NOK på sitt sterkaste i 2012, medan vi no handlar NOK i eit intervall som er om lag det svakaste vi har sett dei siste 35 åra.

Månadsgjennomsnitt av daglege data
Årsgjennomsnitt av daglege data

Om ein er opptatt av historikk virkar det difor gunstig og fornuftig å ta på long NOK posisjonar no. Når ein i tillegg veit at NOK historisk sett også har vore mean reverting, så gjere det NOK enno meir attraktiv med noko lengre briller på. Sjølv er vi rimeleg overtydd om at nedsida kjem, men når og kor stor den blir er vi meir usikker på. Utfordringa er likevel at dette tek tid, sjølv om den har kome bra ned både mot CHF, USD, JPY og GBP siste kvartal. Og lenger tid enn ein som regel trur, fordi NOK er ein liten perifer valuta og totalt avhengig av internasjonale interesser for å styrke seg. Til det trengs ein katalysator. Og for NOK er den no totalt fråverande. Ein økonomi i betring er ikkje nok. USA går betre, Eurosona likeså, så der ligg også fokuset blant dei store internasjonale aktørane. Oljepris kunne ha vore ein drivar, men den er inne i ein rangetrade på pluss minus 55 USD fatet, og marknaden forventar også det i uoverskodeleg framtid. Rentedifferanse mot utlandet har tradisjonelt sett vore den viktigaste katalysatoren, men medan andre sentralbankar er i tilstrammingsmodus sit Noregs Bank på gjerdet, no etter kvart hovudsakleg på grunn av lågare prisvekst enn det ein er komfortable med. KPI i dag, kom også ut på den lave sida, 1,0 % mot venta 1,2 %, sjølv om det hovudsakeleg er matvareprisar som trekk ned. Det er eit bilde som kan snu fort.

Ser ein derimot på korleis økonomien utviklar seg, kjem derimot den fyrste renteauken stadig nærmare, og Noregs Bank har til og med framskunda den ørlite i førre inflasjonsrapport. Med tanke på det, og utviklinga i I44 virkar det dermed fornuftig basert på ein dynamisk hedging tankegong og sikre inntekter i valuta mot NOK no lengst mogleg, og mest mogleg, innanfor eit risikonivå ein er komfortable med. Sjølv synes vi det verkar fornuftig å sikre forventa valutainntekter for 2018 på disse nivåa inntil 100%. For importørane trur vi det løner seg å sitte på gjerdet framover, og sikre kvar enkelt deal. Ein har budsjett på forventa inntekter for åra framover, men dog er valuta og vareprisar usikre. Å sikre valutaen på i alle all time high nivå basert på I44 dei siste 5 åra, dei siste 15 åra, dei siste 35 åra verkar dermed å vere fornuftig.

På kort sikt derimot, på trading, ser vi at mangelen på NOK interesser gjere at vårt mantra for 2017, om å plukke gevinstar på små bevegelsar, på små summar, har vore riktig. Vi trur at det framleis er vegen å gå ut året. Akkumulert blir små gevinstar store end of year. Det kjem alltids nye moglegheiter i eit eller anna kryss, det viser seg gong på gong. Vår range som vi skisserte i ulike kryss førre veke har heldt stand. Vi anbefala framleis netto short i føljande kryss; EURNOK, USDNOK,CHFNOK, EURSEK, USDSEK, SEKNOK, CADNOK på disse nivåa.  Og netto long EURUSD og EURCHF. Vi registrera derimot at rangeintervallet har blitt snevrare den siste veka, og aktiv handel på to tre øre på delar av portefølja verkar fornuftig framover. Ingen har blitt fattige på å plukke gevinstar, så vidt vi veit.…..Bruce Lee funkar også i finans.

Knowing is not enough, we must apply. Willing is not enough, we must do - Bruce Lee