2019 – I glaskula til Multi Markets.
Internasjonalt
- Den globale veksten vil avta ytterlegare, men me ser ikkje føre oss noko resesjonsfare det neste året. Til tross for indikasjonar på resesjon, blant anna ei invertert rentekurve i USA, er resesjonspøkelset lenger opp og fram enn 2019. Dog vil det vere eit tema på agendaen spesielt andre halvår 19.
- Me ventar at USA og Kina blir samde om ei handelsavtale i løpet av fyrste halvår 2019.
- Politisk risiko kring Brexit og Italia vil nok dominere nyhendebiletet ei periode til, men avta etter kvart, samstundes som dei økonomiske konsekvensane av uroa bør vere begrensa.
- Framveksande økonomiar vil framleis slite grunna stigande amerikanske renter og høg gjeld, men me ventar ingen spin off effektar.
- Når det gjeld pengepolitikk vil dette framleis divergere i favør USA som er i tilstrammingsmodus. Japan og EU sit på sidelinja, og vil gå varsamt fram, sidan inflasjonspresset framleis er begrensa. I EU har derimot lønnsveksten tatt seg godt opp, og me ventar tiltakande inflasjon på sikt. Dette vil endre biletet særskilt i EURUSD utover i 2019.
USA
- Me ventar framleis ein vekst over potensialet i amerikansk økonomi for 2019 sidan finanspolitikken er ekspansiv, investeringsviljen høg og forbrukartilliten er god. Den amerikanske rentekurva peikar på resesjonsrisk litt opp og fram, men dette er snarare ei 2020/21 historie enn 2019, og USA/FED kan bruke verktøykassa for å sikre ei mjuk landing.
- Amerikanske offentlege kostnadar stig med ein fart som ikkje er berekraftig over tid, i stor grad pga. av Trumps politikk. Me ventar difor ein mindre ekspansiv finanspolitikk utover i 2019.
- FED vil fortsette og heve rentene, men me tvilar på at me får 5 renteaukar slik som FED har skissert. FED verkar å ta innover seg at det er mørke skyer i horisonten, og at det globale vekstbiletet/framveksande økonomiar blir påverka av høgare amerikanske renter På den andre sidan prisar marknaden inn berre to renteaukar til, noko som er i underkant av kva som kanskje vil vise seg å bli utfallet.
- USD vil difor halde seg på den sterke sida fyrste del av 2019, men me trur at oppsida i EURUSD er større enn nedsida i 2019. Dette fordi inflasjonsforskjellane mot EU vil avta, EU vil stanse QE, samt at ECB vil heve rentene på tampen av andre halvår 2019. Tradisjonelle langsiktige verdsetjingsmodellar, basert på makrobiletet, tyder også på at USD per tidspunkt er noko overvurdert i forhold til ein rekke valutaer, blant anna EUR, JPY og NOK.
EU
- Til tross for resesjonsfare grunna avtakande global vekst. Samt at toppen i den globale oppgangskonjunkturen er sett, trur me at vekstbiletet i eurosona vil bli nokolunde bra også i 2019.
- Ein strammare arbeidsmarknad har fått fart på lønsveksten, og dette bør støtte oppunder etterspørselsida etter kvart. I tillegg gir dette økt prispress og inflasjonen bør difor nærme seg målet til ECB på noko sikt.
- Vekstbiletet er derimot truga av handelskonfliktar, Brexit og Italia, men me trur at desse usikre momenta går inn for ei mjuk landing med begrensa negative økonomiske konsekvensar om me ser 2019 under eitt.
- Me ventar at ECB hevar rentene på tampen av 2019 med inntil 20 bp, og at renta vil hevast ytterlegare i 2020, dog i særs forsiktige og små steg.
Noreg og Sverige
- For utlendingane verkar det som det skandinaviske vekstbiletet og konjunktursyklane ser relativt likt ut. Slik er det nødvendigvis ikkje.
- Sverige har ein mykje meir eksportretta økonomi, og vil nok bli råka hardare av avtakande global vekst(særleg frå EU) enn norsk økonomi, som kan dempe noko av slike effektar særskilt gjennom oljesektoren.
- I tillegg slit Sverige med fallande bustadprisar og låg lønsvekst, noko som ikkje akkurat stimulerer innanlands etterspørsel. Medan lønsveksten er tiltakande i Noreg.
- Svensk vekst er meir avhengig av bustadinvesteringar enn den norske. For 2019 vil bustadmarknaden gi negative vekstimpulsar for begge, men medan Sverige i tillegg møter sviktande eksportmarknad i form av fallande global vekst, vil Norge oppleve at auka oljeinvesteringar i stor grad kompensera for dette.
- Sjølv om lågare global vekst ofte også indikera lågare oljepris, så har svak NOK, sterk USD, og ein kostnadsreduksjon i bransjen på 20-30% kompensert mykje av dette. Og oljeselskapa produsera no til marginar på historisk høge nivå.
- Noregs Bank bil heve rentene to gongar til i 2019, medan Sverige sannsynlegvis vil heve renta no i desember(evt. i februar), men så ta ei lang pause.
- Me ventar difor at utviklinga i dei to økonomiane framleis skal favorisere NOK i 2019, slik biletet har vore for store delar av 2018.
Basert på det fundamentale og korleis me trur verda vil utvikle seg vidare inn i 2019 har me kome fram til anbefalingane under. Det viktigaste for 2019 slik me ser det er i alle fall mindre politisk støy og å få landa dei fleste usikre momenta som har prega marknaden andre halvår 2018. Den globale veksten er avtakande, men vil halde seg greitt oppe neste år. Eit meir stabilt politisk bilete, og mindre Trump furore, også på Twitter, samt landing av handelsavtalar kan ta marknaden tilbake mot å handle nærmare fundamentalverdiar igjen. Mindre støy vil også potensielt betre risikosentimentet. Dette bør kunne gi NOK noko støtte. Me går inn i 2019 med eit positivt syn på norsk økonomi, men me tek innover oss at alt anna enn norsk økonomi hovudsakeleg har styrt utviklinga i norske kroner det siste halvanna året. Dette trur me også vil prega den store delar av 2019. Sit derfor ikkje på gjerdet når gevinstane er der, men plukk dei snarare før enn aldri. 2017 og 2018 vist oss at det kjem alltid nye sjansar for gode moglegheiter og ny posisjonering.
Dette blir difor topp 5 anbefalingane for 2019.
- Short EURNOK kring 9,65 – target 9,40. (S/L 9,79) spotref 9,65.
- Via spot
- Eller via opsjonar;
- Kjøp ein rett til å selje 300k EURNOK på 9,35 på 9mnd. Finansier denne med å ta på ei plikt til å selje 100k på 9,65 om kurs er over 9,65 på forfall. Nullkost. Når target nås sel ein rett på 9,35 med gevinst i perioden.
- Sel ein 9 mnd 9,80 Call for 100k og få 20k i premie. B/E 10.00. Høver for den som trur på lågare eurnok om 9 mnd.
- Short SEKNOK 94.50 – target 91 (S/L 95.50) spotref 94.50
- Via spot
- Eller via opsjonar;
- Sel ein 9 mnd 1,05(0,9520) NOKSEK PUT for 1 MIO SEK. Få ca. 22k SEK i premie. B/E 1,0380(0,9630)
- Sel ein 9 mnd 1,06(0,9430) NOKSEK PUT for 1 MIO SEK. Kjøp ein rett til å kjøpe 2 MIO NOKSEK på 1,08(0,9260). Når target nås 1,10(0.91), seljast retten med gevinst.
- Long EURUSD 1,1330 – target 1,16 (S/L 1,1190)
- Via spot. Hugs renteforskjell i mot, så stigande kurs på spotrullering.
- Short USDNOK 8,51 – target 8.10 (S/L 8,65) spotref 8,51
- Via spot. Hugs fallande kurs ved spotrullering pga. renteforskjellar.
- Via opsjonar;
- Sel 100k USDNOK CALL 8,50. Få 21k i premie. B/E 8,71. Passar for den som trur på lågare USDNOK om 9 mnd.
- Long EURCHF 1,1320 – target 1,16 (S/L 1,1240) spotref 1,1320
- Via spot
- Via opsjonar;
- Sel 9 mnd 1,13 EURCHF PUT for 100k. Få ca. 17.000 NOK I premie. Passar for den som trur på høgare kurs enn 1,13 om 9 mnd.
- Sel 9 mnd 1,14 EURCHF PUT for 100k og kjøp 150K EURCHF Call 1,150. Når target nås seljast retten med gevinst.
Ta eventuelt kontakt når det gjeld spørsmål eller implikasjonar av opsjonstrukturane.
Frå dagens nivå ser me utsikter i følgande kryss for 2019;
CADNOK 6,40 – nedside – Forventar 6,00 – 6,40 range det meste av 2019.
AUDNOK 6,20 – nedside – Forventar 6,00 – 6,30 range det meste av 2019.
JPYNOK 7,53 – nedside – Forventar 7,15 -7,60 range det meste av 2019.
SEKNOK 94.50 – nedside- Forventar 0,90 – 0,94 range det meste av 2019.
GBPNOK – Usikker – Brexit avhengig – Men 10,60 – 11,10 rangen har vore gjeldande i 2018.
EURUSD 1,1330 – Oppside – Dog mest i andre halvår 19. Vonar me kan sjå 1,18 i 2019.
EURSEK 10,20 – bias mot nedside – Trur me store delar av 2019 skal handle 10.00 -10,30.
USDSEK 9,00 – nedside – 8,70 – 9,10 range det meste av 2019.
EURNOK 9,65 – nedside 9,30-9,70 range det meste av 2019.
USDNOK 8,51 – nedside – 8,10-8,50 range det meste av 2019.
CHFNOK 8,50 – nedside – 8,10-8,50 range det meste av 2019.
EURCHF 1,1320 – oppside – 1,13 – 1,17 det meste av 2019.
Happy hunting.