Kan vi hjelpe deg?

Vi handler i aksjer, valuta, indekser, råvarer

Vekerapport 11

Noregs Bank bekreftar renteauke i september

Sidan sist

I førre vekerapport annonserte vi at vi trudde på ei heva rentebane og ei bekrefting på at fyrste renteauke ville kome i september i forbindelse med
rentemøtet. Dette blei også utfallet, og det er også eit visst sannsyn for at den fyrste renteauken kan kome tidlegare, i juni, men dette vil avhenge
av nøkkeltalsutviklinga framover. Årsakene til ei framskunding av den fyrste rentehevinga begrunnar NB på om lag på fylgjande måte;

Dei påpeikar økonomisk oppsving hjå våre nærmaste handelspartnarar, og at dei globale rentene er på veg opp. Arbeidsmarknaden synes noko strammare enn
det ein tidlegare har lagt til grunn, og investeringstakten er høgare. Både veksten internasjonalt og her på bjerget ser ut til å bli noko høgare
framover enn det som tidligare er skissert, og lønnsveksten viser tiltakande styrke i enkelte land. Prisveksten heng derimot noko att jamt over heile fjøla.

Veksten i norsk økonomi tok seg opp i 2017, og kapasitetsutnyttinga auka. Denne trenden har blitt ytterlegare forsterka inn i 2018. Låge renter,

svak NOK og ein relativt ekspansiv finanspolitikk har bidratt i dette oppsvinget. Veksten i 2018 synes å bli noko sterkare enn for 2017, ledigheita er

på veg ned, sysselsetjinga har auka. Kapasitetsutnyttinga i norsk økonomi vil difor trulig nå et normalt nivå tidligare enn det ein la til grunn i førre inflasjonsrapport.

I tillegg er det god eksportvekst.  Ein ser positive tendensar i bedriftsinvesteringane og i hushaldningane sitt konsum. Eventuell proteksjonisme, jfr handelskrig, kan

bli ein vekstdempar framover. I tillegg ser ein auka investeringstakt i oljeinvesteringane. Boliginvesteringane trekker derimot i andre enden, og kan bli noko

lågare enn venta framover. Prisveksten fall i fjor haust, heng noko att, men viser teikn til å vere på veg opp. I tillegg er lønnsveksten på veg opp. Høg gjeldsvekst har auka
husholdningane si sårbarheit. Vekst i boligprisane har bidratt til gjeldsveksten. Korreksjonen i bustadmarknaden har redusert risikoen for ein meir markert nedgang

lenger fram i tid. Lågare prisvekst dempar gjeldsveksten. Risikobildet ser uansett balansert ut, og utsiktene for norsk økonomi tilseier eit behov for snarleg auka renter.

Noregs Bank ser difor ei heving på 0,25% rett over sumaren som naudsynt.

 

Vår vurdering

Definitivt NOK positivt med ei framskundig av fyrste renteauke. NOK styrka seg 5-7 øre på den nye rentebana, og vi fekk ein test av 9.50. Mykje gevinstsikring i dette området,

så enn så lenge helde 9.50. Vi bør uansett vere nede i eit lågare intervall, der ein bør løde på i området 9.54-58, og sikre delgevinst 9.40-45. Men mogleg ein treng ein

korreksjon no mot motstandsnivået 9.57-58 for å danne nok salsmoment til å ta ut 9.50 nivået skikkeleg. NOK bør få ytterlegare vind i segla i Q2. Anser det som riktig å

plukke litt delgevinst i CHFNOK rundt 8.10. 

 

Oppdatering case

Vårt siste valutacase i CHFSEK har utvikla seg særs bra sidan oppstart 5. mars, og her på cirka 8,62 har ein allereie rundt 20 øre i gevinst. Grunna den raske nedgangen, kan

delgevinstar vurderast. Sjølv om vi trur at den lengre trenden er vidare ned etter kvart (mål 8,30 på 6 månadar). SEK er framleis svak i dette biletet.