Kan vi hjelpe deg?

Vi handler i aksjer, valuta, indekser, råvarer

Vekerapport 7

Høgare styringsrenter

Sidan Sist

Frå Noreg fekk vi førre fredag inflasjonstal for januar. Underliggande prisvekst endte på 1,1 %, noko som var godt under konsensus på 1,5 %, og Noregs Banks anslag på 1,4 %. NOK svekka seg umiddelbart 7-8 øre på dette i kjølvatnet av tala. Verdt å merke seg er at det var særleg sal på kle som trakk inflasjonen ned, og dette vil korrigerast når salet er over. I tillegg trakk flyprisar i same retning, desse er derimot volatile, og kan kjapt reverserast. Summa summarum var det difor ein del støy i januartalla, og Noregs Bank ser nok litt gjennom fingrane på dette talet når det gjeld utarbeidinga av den nye rentebana i mars. Inflasjonstalet for februar vil derimot bli særs viktig for å bekrefte Noregs Banks syn om at inflasjonen over tid er tiltakande.

Frå USA fekk vi derimot ein prisvekst som var høgare enn forventningane. Kjerneinflasjonen auka med 0,35 %, medan det var venta 0,2 %. På årsbasis haldt difor inflasjonen seg på 1,8%, mot konsensus på 1,7 %. Den underliggande prisveksten dei siste tre månadane viser no ein årleg trendvekst på 2,9 %, i overkant av inflasjonsmålet, og breiddt basert. Den sterke prisveksten spikra renteheving i mars frå FED, og auka sannsynet for fire kontra tre rentehevingar frå FED i år. Marknaden prisar no inn ca 20 % sannsyn for 4 rentehevingar. Som nemnd i førre vekerapport har auka inflasjonsforventningar, og dertil høgare styringsrenter ført til ein korreksjon på børsane dei siste 14 dagane. Talet sendte børsane umiddelbart i raud, men dei globale vekstutsiktene, samt selskapsinnteninga er stadig god, slik at det verste fallet har roa seg denne veka, og vi ser teikn til svak børsoppgang att.

Noreg

Sentralbanksjef Olsen kom som venta ikkje med nye pengepolitiske signal under årstala si i går. Olsen seier at renta i år kan aukast for fyrste gong på 7 år, og at dette i utgangspunktet er bra. Dette gjenspeglar at vekstutsiktene både nasjonalt og globalt er god, og at vi no vil sjå ei gradvis «normalisering» av pengepolitikken både her heime og ute. Dette vil likevel ta tid, i og med at lav inflasjon sannsynlegvis vil prege også åra framover. Dette skuldast økt prispress på grunn av økt globalisering, ny teknologi og auka handel over landegrensene. Sidan konjunktursituasjonen jamt over er god ser ein difor føre seg at styringsrenta kan hevast sjølv om inflasjonen ligg noko under målet i og med at andre fundamentale forhold i den nasjonale og globale økonomien tilseier eit behov for høgare renter.

Vi trur som tidlegare nemnd på ei høgare rentebane i mars enn den vi fekk i desember. Årsakene til det er ein meir tilstrammande arbeidsmarknad enn det Noregs Banks såg føre seg i desember. I tillegg er NOK svakare, og dei globale rentene noko høgare. Lav inflasjon er eit usikkerheitsmoment, det same er utviklinga i bustadmarknaden. Vi trur likevel at Noregs Bank som oss, ser føre seg botnen i bustadmarknaden innan kort tid. Samt at Philipskurva framleis gjeld – strammare arbeidsmarknad gir økt lønnspress og stigande prisar på sikt. Enn så lenge er dette ikkje prisa inn i NOK på disse nivåa, snarare tvert i mot. Vi ser og at NOK no i større grad svingar litt med utviklinga i oljeprisen i intradag handel, men i våre auger er NOK framleis dekobla mot oljeprisen på disse nivåa rundt 64 USD fatet.

Vår vurdering

NOK ser difor rimeleg billeg ut over 9.70 mot EUR her. NOK slit i ruglete børsklima, og vil ikkje styrke seg markant før tilliten til aksjar tiltar. Marknaden må vere overtydd om at børskorreksjonen er over før NOK blir veldig attraktivt igjen. Ingen game changer for NOK no før eventuelt tala for oljeinvesteringar 23 februar, og primært rentemøtet 15 mars. Vi anbefalar difor sal av valuta mot NOK på rallies fram mot rentemøtet i mars. Nivå og sjå etter er;

EURNOK 9,72 +
CHFNOK 8,45 +
GBPNOK 10,98 +
CADNOK 6.30 +
USDNOK 7,85 +
SEKNOK 98.20+

Det viser seg at NOK er ein liten og lite likvid valuta, når ein får «sjokk» i marknaden slik som førre børskorreksjon kjem NOK under press. Det viser seg difor gang på gang at det lønner seg å plukke delgevinstar undervegs i long NOK posisjonar, for marknaden svinger såpass mykje for tida at det alltid kjem nye sjansar til å ta på nye posisjonar ein eller annan stad.