Kan vi hjelpe deg?

Vi handler i aksjer, valuta, indekser, råvarer

Vekerapport 16

Betraktningar rundt NOK

 

Oljepris

 

Me ser stadig kommentarar at utviklinga i oljepris p.t er ein viktig faktor for NOK. Historisk sett stemmer dette , men ser ein på charts det siste året fortel det ei litt anna historie. NOK og oljepris er framleis dekobla slik eg ser det. Oljeprisen spelar i beste fall ei rolle for NOK i andrerunde effektar gjennom at høgare oljepris, gir betre vilkår for oljenæringa, betre utsikter for oljesektoren, strammare arbeidsmarknad og potensielt høgare vekst framover. Med andre ord virkar høgare oljepris kanskje positivt på NOK, men då med eit visst tidsetterslep. Stigande oljepris betyr ikkje nødvendigvis sterkare NOK. Jamfør den siste vekas bevegelse.

 

Eit lite eksempel; Johan Sverdrup feltet. Med oljepris på 120 USD fatet i 2014, snakka ein om at Johan Sverdrup feltet ville vere lønnsomt med oljeprisar rundt 50-55 USD fatet. No viser det seg at feltet er lønnsomt på 20 USD fatet. Med andre ord bransjen, leverandørindustrien etc har gjennomført ein enorm kostnadsreduksjon dei siste 3-4 åra.  Så for dette feltet er det no like lønnsomt per fat med oppstart i 2019 på prisar på 70 USD fatet, som det vil vore med det gamle kostnadsnivået i 2014 på 100 USD fatet.

 

https://www.ba.no/okonomi-og-naringsliv/oljebransjen/nyheter/johan-sverdrup-feltet-enda-mer-lonnsomt-enn-antatt/s/5-8-737773 

 

 

I veke 3 2016 endte oljeprisen veka på ein close rundt 30 USD fatet, 27 USD fatet var det lavaste. EURNOK closa den same veka på 9.41. Sidan januar 2016, steig oljeprisen til ca 55 USD fatet til februar 2017. DÅ var NOK kobla til oljepris, og me såg ein bevegelse i EURNOK til 8,80 mot EUR på det lavaste same månad. Så falt oljeprisen fram mot sumaren til 43-44 USd fatet i midten av juni 2017. EURNOK closa veka på 9,45. Sidan det har oljeprisen stege til 70 USD fatet, og me handla no 9.65. Så i mitt hovud spelar i beste fall oljeprisen ei perifer rolle for NOK kursen i augneblinken.

 

Vi har over dei siste to åra sett ei betring i oljeprisen frå om lag 30 USD fatet til 70 USD fatet. EURNOK har same periode gått frå 9,40 til 9.65…..i ei periode der også Norsk Økonomi har hatt eit markant oppsving, og ei særs positiv vekstutvikling.  Norske oljefelt og industri er lønnsomme på lågare oljeprisar og kuttar kostnadar framleis, oljeprisen stig ytterlegare. Med andre ord……NOK er framleis dekobla mot oljepris i stor grad.

 

Rentedifferanse

 

Rentedifferansen har sidan årskiftet mot EUR gått frå rundt 1,25 % til om lag 1, 65 %.  Altså 40 bp i favør NOK, medan EURNOK er ned om lag 20 øre basert på sluttkursar 31.12. Ja, større renteforskjell bidreg i favør NOK, ser vi sidan årskiftet, men som vi ser frå chartet, virkar også renteforskjellar og vere dekobla NOK for augneblinken. Renteforskjell i februar 2017 var også rundt 1,25 %, med EURNOK på 8,80 på sitt beste. Renteforskjellen no er 1,65 %, men EURNOK er likevel 80 øre høgare.

 

Norsk Økonomi

 

Bustadprisfallet var av dei fleste forklart som årsaken til NOK svekkelsen frå sumaren og ut året i 2017. Oljeprisfall, skuffande inflasjon tok den fyrste runda frå 8,80 til 9,30…..resten var hovudsakeleg forklart med frykt for bustadmarknaden. Me gjekk frå 9.30 til 10…… Bustadprisane fell ikkje lenger, dei har flata ut, og stig i enkelte regionar…..Frykten er med andre ord ikkje reell lenger. EURNOK er uansett ikkje ned meir enn 20 øre sidan årsskiftet.

 

Norsk Økonomi har sidan botnen på 8,80 vist ei positiv utvikling. Norsk Økonomi er betre stilt i dag enn for eit år sidan, og veksten er definitivt breiare basert. Inflasjon er ei utfordring, men det er ein story som er global og ikkje nasjonal. Eurosona slit med inflasjon sjølv rundt 1,0 % pt, men i februar 2017 var inflasjonen i eurosona høgare enn i Noreg, no er situasjonen motsatt.  EURNOK er likevel 80 øre høgare.

 

Risk off

 

Mi oppfatning er at hovudårsaken til at NOK er svak per tidspunkt er at marknaden er nervøs. Verda er meir uoversikteleg, og mange er bekymra for kva framtida vil bringe. Den globale veksten viser teikn til svekking. Tollbarrierar er på agendaen, og potensiell handelskrig skapar skuggar i horisonten. Ein ser det også i børsmarkedet, som har vore turbulent dei siste 4-5 månadane. Og i beste fall vist ei sidelengs utvikling. For små land, for små og perifere valutaer er ikkje dette gunstig. For NOK er forutsigbarheit viktig. Og er det ein ting verda ikkje er for tida….så er det forutsigbar. NOK er unormalt svak på grunn av risk off, og risk off kan fort vise seg bli markedet det meste av 2018. Synes det kan vere greitt ta innover seg, og at ein difor i større grad kanskje ikkje ventar på den store bevegelsen, men handlar aktivt innanfor dei rangane ein trass alt ser, og ha forventningar til at me etablerar lågare rangar i små steg utover 2018. Så eg trur vertfall at ein ikkje skal vere redde for å ta delgevinstar sjølv om ein kanskje trur ting skal vidare. Er det noko marknaden har lært oss siste året, så er det at med uforutsigbarheit så kjem det alltids nye muligheiter i eit eller anna aktiva. Og då kan det vere greitt med ledig kapasitet som kan utnytte det. Tweets frå Trump betyr meir enn makro for tida. Burde ikkje vere slik, men det er realitetane ein må ta innover seg.