Kan vi hjelpe deg?

Vi handler i aksjer, valuta, indekser, råvarer

Vekerapport 44

NOK fortsatte svekke seg førre veke, både før og etter Noregs Bank. Rangen frå i sommar 9.25-45 er brutt på oppsida, noko vi påpeikte ein viss risiko for i førre vekerapport. Ingen nye signal frå Noregs Bank, men ECB framsto nok noko meir duete enn forventa under pressekonferansen, sidan ECB signaliserte at ein ikkje kan forvente noko renteendring før godt ut i 2019. EURUSD korrigerte frå 1,18 til 1,16 i kjølvatnet av denne. Slik sett kunne ein kanskje ha forventa at EURSEK og EURNOK også korrigerte noko ned frå 9,68 og 9,47, men i staden fekk vi svakare NOK og SEK i etterkant. Årsaka til det er at sidan ECB skur renteendringa lenger fram i tid, så blir det også mindre sannsynleg med rentenedring i Noreg og Sverige i 2018. Forventningar til uendra rente lenge, svak inflasjon, noko svakare nøkkeltalsutvikling, boligprisfall tynger NOK og SEK for augneblinken, og ser ut til å kunne gjere det fram mot årsskiftet. Teknisk sett opnar bruddet på 9,45 opp for årstoppen på 9.63, og ein ny range kan fort bli 9.45-9.63 ut året. I EURSEK er ny range 9.65-80. NOK er også dekobla frå oljepris pt, for til tross for ein oljepris på 61,50 USD fatet har ikkje det gitt noko nemneverdig sterkare NOK. Sist gong vi hadde oljeprisar rundt 60 USD fatet, i starten av året, låg EURNOK rundt 9,00.

 

Våre Anbefalingar

Over den siste måneden har vi strengt tatt anbefalt sal av EURNOK over 9.35 og EURSEK over 9.60, og heile vegen opp mot 9.53 og 9.75 her. Også USDNOK over 8.00. Vi var nok litt tidleg ute, men vi er likevel komfortable med desse salsnivåa over tid. Fair Value modellar for NOK seier ein stad mellom 8.50 og 8.70 mot EUR på mellomlang sikt.

 

Teknisk

50 dagers og 200 dagers glidande gjennomsnitt ligger rundt 9.37 og 9.34. Ny range er åpna opp for EURNOK ; 9.45 – 63, EURSEK 9.65 – 80. Det er nivå og følge med på i det korte bildet. På lenger sikt føretrekker vi framleis short EURNOK, USDNOK, EURSEK her. Og vi forventar ei god nedside i desse kryssa utover i 2018.