Kan vi hjelpe deg?

Vi handler i aksjer, valuta, indekser, råvarer

Vekerapport 19

Denne veka

 

Makro

 

Dei to viktigaste begiveneheitene denne veka har vore rentemøtet i Noregs Bank og inflasjonstal frå Eurosona. Noregs bank haldt som venta styringsrenta uendra på 0,5 % i dag. Hovudstyrets vurdering er at den økonomiske oppgongen fortsette og at kapasitetsutnyttinga nærmar seg normale nivå. Underliggande prisvekst er derimot lav, men med høgare kapasitetsutnytting er det venta at prisveksten og lønningar vil auke framover. Hovudstyret vurderer oppgangen i norsk økonomi til å vere omlag i tråd med biletet som blei skissert i pengepolitikk rapport i mars. Utsiktene og risikobiletet tilseier framleis at styringsrenta vil bli satt opp etter sumaren i år. Ei heving i september ligg dermed fast, heilt i tråd med det me skisserte i forkant.

Inflasjonen i Eurosona fortset og vise ein svak tendens. Det var venta ein kjerneinflasjon på 0,9 % å/å, men den endte på 0,7 % å/å. Prognosen for ECB er 1,1 % for 2018, og me er no godt på nedsida av dette. Det skuffande talet kan delvis forklarast av påskeeffektar, men underliggande inflasjon er og blir ein verkebyll for ECB.  Slik det ser ut no er det relativt stort sannsyn ofr at ECB må fortsette aktivakjøp utover september, og at den forventa renteauken i 2019 skyvast ytterlegare ut i tid.

Kina og USA sit no ved forhandlingsbordet, utan at det har kome noko særlege nyhende derifrå enno. Markanden er likevel nervøs kring utfallet, sjølv om det ikkje er venta noko endeleg utfall denne runda. USA presenterer sikkert ein rekke krav i forhold til Kina, men dette to dagars møte er nok berre starten på ein lenger prosess vedrørande handelsdisputten desse to landa i mellom. Ein langdryg prosess vil definitivt ikkje vere positiv for børsmarknadene framover, og heller ikkje for små og volatile valutaer som NOK og SEK.

I dag er det jobbrapport tal for USA. Det knyter seg særskilt interesse for lønsveksten, som er avgjerande for inflasjonsforventningane framover. Det er venta ein lønsvekst på 0,2 %, som er i tråd med ein årsvekst på 2,7 %. Eit betre tal kan medføre at USD får meir vind i segla kortsiktig.

Valuta

 

EURNOK held 9,47-75 rangen, men har testa oppsida denne veka utan at det kan forklarast av enkeltfaktorar. Bekymring rundt situasjonen mellom USA og Kina har derimot ikkje vore i favør NOK denne veka, og me har notert oss 9,72 om lag på toppen. Litt sterkare NOK etter NB i går, ettersom NB fortsatt held på september auke til tross for noko skuffande inflasjons og arbeidsmarknadstal i det siste. SEK har hatt ei ny runde med svekking, og me har nesten testa 10,70 på det høgste. Marknaden har ikkje tru på Riksbanken og renteauke i desember, dette set SEK under press til tross for at SEK fundamentalt sett burde vore sterkare. Inflasjonsutviklinga vil vere nøkkelen for SEK framover, og med SEK på den særs svake sida, vil importert inflasjon mest truleg auke noko framover. Om det er nok til å «berge» desemberheving vil tida vise. JPYNOK held framleis 7,20-40 rangen, og me spelar framleis denne. CADNOK har testa 6,30, og har dermed gått noko lenger enn det me såg føre oss. Trur likevel marknaden prisar inn ein for aggressiv bank of Canada, og at desse nivåa er greie salsnivå mot NOK. USD har styrka seg mykje siste veka, på eit teknisk brot av 1,2150 mot EUR. USDNOK har notert ca 8,10 på det høgste, og vidare USD styrking på kort sikt kan ikkje utelukkast. Sal av USDNOK over 8,00 verkar likevel å vere attraktivt med noko lengre briller. GBPNOK er framleis eit rangecase, og me har favorisert shortposisjonar over 11,00.

 

Aksjemarknaden

 

Også denne veka er det blitt satt ny all time high på Oslo Børs. Den nye rekorden ble satt i går der hovedindeksen var oppe på 870,39 intradag. I augneblinken handlast hovedindeksen på 865 opp 0,05 % frå i går.. Siden stengning på Oslo Børs førre fredag er Oslo Børs opp 1,01 % når vi legger til grunn all time high denne uken på 870,39. i øyeblikket er indeksen opp 0,62 % fra stenging fredag.

 

 

 

Neste veke

 

Makro

 

Neste veke er det inflasjonstal for Noreg og Sverige på onsdag. NB prognoser er på 1,6 %, medan resultatet førre månad endte på 1,2%. Om marknaden framleis skal tru på septemberheving må vi sjå ein oppgang i inflasjonen til helst 1,5 % no i mai. Høgare kapasitetsutnytting og auka lønsvekst tilseier tiltakande inflasjon, noko også NB indikerte under gårsdagens pressemelding i forbindelse med rentemøte. Talet vil vere heilt avgjerande for kva som kjem i forbindelse med rentemøtet og inflasjonsrapporten i juni, samt for NOK vidare. Så 9 mai bør kryssast av i kalenderen allereie no.

 

For Sverige er riskbankens prognose 1,9% å/å, og konsensusanslaga er det same. Litt tidleg enno å tru på at den svake SEK vil løfte inflasjonen nemneverdig, då dette som regel verkar med eit visst tidsetterslep og bli meir gjeldande i andre halvår. I tillegg kjem Riksbankens Minutes tysdag. Det knyter seg ei viss spenning til dette, sidan SEK svekka seg mykje i kjølvatnet av rentemøtet grunna uklar kommunikasjon rundt SEK. Me trur ikkje Riskbanken hadde som ambisjon å svekke SEK med kommunikasjon, slik tilfellet vart, så mogleg denne pressemeldinga kan korrigere dette biletet noko tysdag.

 

Elles rentemøte i UK torsdag. For litt sidan var det om lag prisa inn ein renteauke på 25 bp, men dette sannsynet har falt til om lag 10 % på svake tall i det siste. Sannsynet for ein renteauke er nok høgare enn dette, så det knyter seg ei viss spenning rundt møtet. Same dag får vi også tall for amerikansk inflasjon. Det er venta ein oppgang til 2,2 frå 2,1 % å/å. Auka inflasjonsforskjell mellom USA og EUR favør USA har dratt USD sterkare i det siste. Eit sterkt tal frå USA kan sende EURUSD ytterlegare ned.

 

Valuta

 

Ei lukking under 9,63/64 i kveld vil opne opp for ei vidare nedside i EURNOK neste veke. Enn så lenge handlar me sidelengs rundt 9,65. Me ligg netto short EURNOK og vil benytte ei vidare nedside til å plukke delgevinstar. Me forventar at rangen 9,47-75 vil halda fram til neste inflasjonsrapport i juni, og me handlar difor denne for det den er verdt. JPYNOK i 7,20-40 også, der me trur på vidare nedside etter kvart. GBPNOK nærmar seg no 10,90, og me har plukka delgevinstar på veg ned her. Anbefala sal av GBPNOK opp mot 11,00 for ein ytterlegare bevegelse ned, ettersom det no sås tvil om renteauke i UK i mai. USDNOK kan kortsiktig ha ei ytterlegare oppside, men sett 2018 under eitt verkar nivå over 8,00 i USDNOK som gode nivå å ta på shortposisjonar.  I EURSEK ligg me mot trend, og på nivå me knapt har sett før, så det er ikkje godt å seie kor den eventuelt stoppar. Pt ligg me 10,55, 12-13 øre frå toppen denne veka, og me verkar vere inne i ein etterlengta korreksjon. EURSEK er uansett på oppadgåande trend, så plukk delgevinstar når dei er der.

 

Aksjemarknaden

 

Oslo Børs er på total nivå ikkje så billig lenger, som vi nevnte sist, vi handler i overkant av 2 på pris / bok , dvs at vi er prisa til ca drøyt to gonger bokført egenkapital. 12 måneders forward P/E ligger på ca. 15,7.  

Av enkeltaksjer liker vi framleis Golden Ocean og Norsk Hydro. Sidan førre fredag er golden ocean opp 2,37 % , sist handlet på 66,90. Sykliske aksjer har vært svake i år grunna usikkerheit knytta til handelskrig. Dog mener vi at usikkerheit og økte risikopremiar relatert til handelskrig gradvis vil komme ned. I lys av dette mener vi sykliske aksjer kan gjere det betre enn marknaden generelt.

Ansatt i Multi Markets AS eier aksjer i Golden Ocean.

 

Dei pågåande forhandlingane mellom USA og Kina kan påvirke aksjemarkedet i veka som kjem.