Kan vi hjelpe deg?

Vi handler i aksjer, valuta, indekser, råvarer

Vekerapport 10

Renteauke i September

 

Sidan sist

 

Det har vore ei travel veke i Noreg.  Finansdepartementet introduserte nye retningslinjer for pengepolitikken førre fredag ved å senke inflasjonsmålet frå 2,5 % til 2,0 %. Implisitt betyr dette at Noregs Bank allereie er nærmare målet, og at det slik sett tilseier større sannsyn for ein tidlegare renteauke. Eit inflasjonsmål på 2,0 % er i tråd med inflasjonsmålet til våre handelspartnerar. Hovudårsakene til lågare inflasjonsmål er at oljeinntektene no er lågare enn tidlegare, og at ein difor ikkje ser nokon avgjerande argument for at vi skal ha eit høgare inflasjonsmål enn andre land. NOK styrka seg umiddelbart 10-12 øre på nyhenda, ned mot 9.55, i og med at dette isolert sett opna opp for ein tidlegare renteauke, men bevegelsen var kortvarig. Trump og tollsatsar på aluminium og stål er det som hovudsakeleg har stått i fokus internasjonalt denne veka, noko som har prega børsstemninga og gjort investorar nervøse for ein potensiell handelskrig litt opp og fram. For ein liten og perifer valuta som NOK er ikkje dette eit godt klima, og vi har i løpet av veka handla i overkant av 9.70. Seinast i går formiddag.

 

Mandag denne veka kom bustadprisane for februar. Dei viste ein sesongkorrigert vekst på 0,4 %. Det verkar med andre ord som at prisfallet me har sett dei siste 9 månadane er i ferd med å flate ut, og at vi kanskje til og med ser ein svak prisvekst framover. Eit krakk i bustadmarknaden kan no vertfall avblåsast ei gong for alle trur vi. Kanskje utlendingane også snart skjønar det? Bustadprisar bør ikkje tynge NOK vidare utover i 2018 i særleg grad i alle fall. Til tross for noko sterkare tall enn venta, fekk vi ikkje noko særskilt NOK bevegelse i form av sterkare krone. EURNOK stabilt på 9.63-64 nivået mandag.

 

Tysdag kom det tall frå regionalt nettverk, noko Noregs Bank ser mykje på i rentefastsetjinga. Talla som kom er på den sterke sida av Noregs Bank, og viser at både produksjonsveksten og sysselsetting er godt på veg opp. Nettverket rapporterte om ein vekst i Q1 på 0,66 %, og ser føre seg ein vekst i q2 på i overkant av 0,7 %. Veksten er breitt basert, men sterkare vekst i oljerelaterte sektorar drog dette opp. Indikatoren for sysselsetting kom ut på 1,6 %, noko som er 0,6 % høgare enn Noregs Banks prognose. Arbeidsmarknaden er difor strammare enn NB såg føre seg. Fleire rapporterer om full kapasitetsutnytting. Indikatoren for dette steig frå om lag 30 til i overkant av 32.  Samstundes ser fleire begrensningar i produksjonen på grunn av mangel på kvalifisert arbeidskraft. Dette kan gi eit oppsving i lønningane framover. Høgare sysselsetting og lågare ledigheit enn det Noregs Bank la til grunn i inflasjonsrapporten i desember talar isolert sett for ei høgare rentebane neste veke. NOK styrka seg 2-3 øre i kjølvatnet av offentleggjeringa, men bevegelsen var kortvarig.

 

I dag kom det inflasjonstal for februar. Kjerneinflasjonen kom ut på 1,4 % å/å, mot konsensusanslag på 1,3 % å/å. Med andre ord sterkare enn venta. Matvareprisar og flyprisar trakk inflasjonen opp. Bøker, kle og sko var på sal også i februar og trakk inflasjonen noko ned, men salet er no over, og prisane vil ta seg noko opp i dette segmentet i mars. Noregs Banks prognoser var på 1,7 % for februar, og er 1,6 % i mars. Sidan det særskilt er salseffektane som tynger inflasjonen i januar og februar er dette midlertidige effektar, og ein kan forvente ei reprising av disse segmenta no i mars. Dette vil gi eit hopp i inflasjonen, og mars talla vil følgeleg vere meir på linje med Noregs Banks anslag på 1,6 % y/y, og faktisk kanskje noko i overkant.  Etter vårt skjønn spikra dagens inflasjonstal ei høgare rentebane frå Noregs Bank på det kommande rentemøtet den 15 mars. NOK styrka seg etter tall. Vi starta på 9,66 og vi testar no 9,60 nivået.

 

Vår vurdering

 

Norsk økonomi har utvikla seg sterkare enn det Noreges Bank la til grunn i førre inflasjonsrapport i desember. Veksten i økonomien er moderat betre enn det NB sine prognoser, medan arbeidsmarknaden er vesentleg strammare. Samstundes er både oljepris og oljeinvesteringane noko høgare enn NB la til grunn, og NOK noko svakare. Isolert sett tilseier dette høgare renter. Inflasjonen er derimot litt på den svake sida, men justert for sesongeffektar, trur vi dette er noko Noregs Bank ser litt gjennom fingrane på. Vi trur difor at vi neste veke vil sjå ei oppjustering av rentebane frå Noregs Bank si side, særskilt i den korte enden, og at vi følgjeleg kan forvente ein 0,25 % i renteauke allereie i september. Dette vil utvilsamt gi noko sterkare NOK, og vi kan omsider endeleg får ein skikkeleg test på årsbotnen 9.50-52. Nervøsitet og usikkerheit, no særskilt rundt Trump, er likevel det som pregar den globale marknaden, og dette må nok ta mesteparten av skulda for at NOK så langt i år ikkje har fått den store vinden i segla. Noregs Bank komande torsdag bør uansett vere ein slags gamechanger på NOK og ta  EURNOK ned i eit litt lågare intervall. Vi har den siste tida handla hovudsakeleg 9,55-9,75, og ein test på 9,50 etter komande rentemøte verkar sannsynleg om vi får rett med september heving.